Nytt frå Tangen Skule
Velkommen til Tangen skule!! (20.08.2010 07:42:39)
Måndag tok vi imot dei nye fyrsteklassingane. Sjølv om dei har vitja skulen vår tidlegare, er det noko spesielt med den fyrste skuledagen. Sommarfuglane i magen kjem om ein vil eller ikkje. Saman med dei føresette vart dei ynskte velkomne av rektor Jan Kåre Stedje.
No er også desse historie (19.06.2010 23:04:01)
Atter ein gong har vi teke farvel med eit kull tiandeklassingar. Like vemodig er det kvar gong. Onsdag var alle elevar, føresette og nokre lærarar samla til høgtidssam avslutning på Klingenberg hotell.
Fekk fantastisk bursdagspresang frå medelevane (10.06.2010 12:42:10)
Det var ikkje småtteri dei troppa opp med elevane i tiandeklasse i dag. Av overskotet frå elevbedrifta "Baggisklanen", gav dei klassekameraten Anita ein gåvesjekk pålydande sjutusenfemhundrekroner i presang. Pengane er øyremerka ferietur. Det var ei gripande stund for oss som fekk vere med, då overrekkinga fann stad.