FØRSTE SKULEDAG! (17.08.2010 09:25:31)




Forventningsfulle 1. klassingar hadde sin første skuledag på Farnes skule i går!
GOD FERIE!
(17.06.2010 09:57:09)
I dag seier vi god ferie til alle elevane på Farnes skule! 10. klassane har sin siste skuledag, lukke til vidare! 7. klassane har sin siste dag på barnesteget, lukke til på ungdomssteget til hausten!
Vi seier og farvel til tre engasjerte lærarar som vi kjem til å sakne! Sigyn Øren har fått ny jobb som rektor i kulturskulen, førebels har ho eitt år permisjon frå lærarjobben.
Christine Nyheim sluttar hos oss, det same gjer Heidi van Rijn Hestetun, begge held fram som lærarar andre stader. Lukke til med neste etappe!
KANONBALL OG FOTBALLTURNERING PÅ BARNESTEGET (15.06.2010 12:52:10)
Fredag 11.06 gjekk turneringa i kanonball og fotball av stabelen. Ungane var aktive og hadde det moro.
Laga var delte inn på tvers av trinna, 2. - 4. kl. for seg og 5.- 7. klasse for seg.
Denne gongen fekk lærarane sleppa å dømma, då sporty foreldre stilte opp og dømde kampane.
Ein stor takk til : Morten Brandsdal, Geir Hestetun, Arne Håkon Laberg, Ørjan Loftheim, Mariann S. Hatlenes, Randine Kvamme og Kjersti Øvstetun.
Finalevinnarane får pizza og brus på onsdag saman med dommarane som og er inviterte.